Førsteinntrykk av nye Nord Star 28+

Dette har eg sett fram til lenge, å få høve til å prøve den nye Nord Star 28+ som er ansiktløfta. Sjølv om eg er ein ganske så tradisjonell båtbrukar, frå Scand Classic 25 fots snekke til trebåten Frøyvær, som er ein Brekneholmen 34 fots motorsegler som for det meste beveger seg i 6-7 knop, har eg alltid vore svak for desse sjøens jeep´ar. Eg eigde og budde i ein Moody 45 DS ganske så moderne seglbåt i nokre år også, så dette blir noko heilt anna.

Denne saken er skrevet av Bjørn Sagstad

Eksteriør

Den nye + serien til Nord Star har eg sett på ei stund, saman med Targa og Sargo sine modellar. Eg opplever at dei alle er gode og har mykje dei same kvalitetane, men interiøret, og no også eksteriøret, og då bu-kjensla på Nords Star sine + modeller, har gjort meg meir og meir nysgjerrig på nettopp denne. Linjene i skroget, balansen i overbygget, plassering av vindu, fargane, fart om ein vil og den tøffe og praktiske «jagar-brua», appellerer til meg.

Tilfeldighetane gjer at eg ikkje skal langt for å sjå og prøve denne båten. Tysse Maritim held til med nytt kontor på kaien på Litlebergen, ved den indre farleia rett nord for Bergen, på øya Holsnøy, der eg kjem ifrå. Litlebergen Båtforeining er far min og eg medlemmer, far min i alle dei no 40 åra foreininga har eksistert.

Tysse Maritim har allereie blitt verdas største forhandlar av Nord Star. Ikkje lite berre det.

Med termosen i ei hand og den andre på ei nesten overdimensjonert syrefast rekke, stig eg ombord på eit romsleg fuske-teakdekk akter. Med trebåt i no 20 år, kan eg fort bli glad i å fuske litt. Litt.

Dattra mi synest livet er for kort til kjedelige båter og bilar. Ho trivst her.

Interiør

Fargane og fargekombinasjonen på interiøret er i ein nordisk stil; både røft, mjukt og tøft, alt på same tid. Dette er Nord Star gode på, å finne balansen mellom det røffe og mjuke, det praktiske og det tøffe. Styreposisjonen med gass-dempa stol (ekstra utstyr) er berre heilt rett. Dette i kombinasjon med ei skyvedør ved styreposisjonen (på begge sider), instrumenter lett lesbare og tilgjengelege, ein Volvo elektronisk gir og gasshendel som er montert heilt på rett plass, baugpropellbrytar og ein svær 16 toms plottar midt i glaninga, får fram smilet.

Det første eg legg merke til ombord, er kor romsleg styrehuset kjennes. Er dette verkeleg kun ein 28 fots båt (31,2 fot med stor badeplattform og eit lite baugnepp)? Mykje av grunnen til det er at byssa er flytta ned, rett ned ei lita trapp, men med ein slags open løysning opp til styrehuset på babord side. Sjølve byssa verker då også ganske så stor med alt det ein treng. Der finn ein også det kombinerte toalett og dusjrommet, i tillegg til ein smakfull dobbel lugar i forpiggen. Det som eg tenkjer gjerne kan bli hovudlugaren, ligg midt i båten, under ei nesten skjult og fiffig luke frå salongen i styrehuset. Smiler igjen.

6-ar

Eg finn fort ut kor hovudbrytar og Volvo sitt kontrollpanel med start/stopp funksjon er. Sjekker at sjøvatnventilen er open og at vatn og oljenivå er slik det skal, trykker på start og husker kvifor eg er så begeistra; Volvo sin D6 motor. 380 hk, ein stykk motor med DPI hydraulisk drev. Likar lyden. Lyd er viktig, i båt, og elles i livet. Nord Star 28+ er ein svært lettdriven båt å gå med. Med sakte fart innkopla på giret, ei hand på Volvohendelen/eventuelt baugpropellen og den andre rundt kaffikoppen, går det som ein leik. Utan sakte fart innkopla er tomgangshastigheita nemleg litt rask for finmanøvrering.

Eg legg båten 90 grader babord opp Håøysundet vidare i den indre farleia mot Alverstraumen. Med rett temperatur på motoren og ute av sundet, gjer eg på. Heilt rett, smiler igjen og igjen. Med eit lågt og behageleg støynivå, ingen nemneverdig planingsterskel- men eit tydeleg løft ut av sjøen, legg eg båten i maksfart på ca. 37 knop for så å finne ein fornuftig marsjfart der båten og motoren legg seg fint i ro, i vel 30 knop. Der eg før kunne koke kaffi mellom stakane, treng eg no å følgje med, å justere forsiktig på autopiloten, som held ein mykje stødigare kurs enn eg klarer sjølv. Fint også å oppleve at heimturen i 10-12 knop er heilt greitt også.

Hemmeleg rom… Jøss. Eg blei overraska over den romslege midtkabinen, som eg trur eg ville ha brukt til hovudlugar.

DPI

Eg har alltid vore skeptisk til drev på båt. Alle historiene om belgar, korrosjon, havari osv. har skremt meg og sikkert fleire med meg. Er oppvaksen med å høyre på strilar sin hyllest av strak aksling og då endelause negative meiningar om drev. Det slår meg no at dei fleste gjerne ikkje har erfaring med drev sjølv, men mykje erfaring med meiningar. Eg tenkjer at utviklinga har bevega seg på dette området også. Volvo sine hydrauliske drev verker solide. Fordelar som lågare støynivå og forbruk fristar meg meir og meir. Og følgjer ein serviceprogrammet samtidig som ein er snill med pådrag og avdrag, kan det vel ikkje gå gale…

Per Steinar og Andreas i Tysse Maritim tar imot i båsen igjen. Fint å sjå litt i motorrommet også. Servicepunkt og inspeksjon av olje, dieselforfilter, ferskvatn- og sjøvatnfilter er lett tilgjengeleg under ei stor gassdempa motorromsluke. Med ein midtstilt motor, blir det god plass rundt motoren også. «Jagarbrua» er nykonstruert og blei særs vellykka.

Eg har trua på Tysse Maritim. Har trua på strilar. Dei har interessa og lidenskapen for Nord Star, og er «hendene på» både interessentar, kundar og sjølve firmaet Nord Star i Finland. Som den største forhandlaren vil dei no ha meir dei skulle sagt overfor Nord Star når da gjeld vidare utvikling av eksisterande og framtidige modellar. «Jagarbrua» er eit eksempel på dette. Målet for Tysse Maritim er å ha alle + modeller liggjande for prøving på Litlebergen, i tillegg til fleire sentrale stader i landet. Dei har i tillegg stor tru på den nye 33+ og 36+ modellen også.

Du kan oppleve Nord Star 26+, 28+, 33+ og 36+ under Stavanger Båtmesse.